KALLEN OG KATTEN
Tekst av Jacob Sande, Melodi av Nystogs
Her er det kopiert fra et Worddokument med "Paste plain tekst"
Han Simon i Støa og katten var mette av alder og år
og båe var redde for vatten, og båe var mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggest, kan hende, å fyrst sende katten i veg
Her skal jeg sette inn et bilde: Resultat; helt ok
Han prøvde med mange slags greier, frå oljen i pipa til kniv,
men etter som røynde folk seier har katten fleirfoldige liv.
Han gjorde sitt yttarste, kallen, på det å bli katten sin kvitt,
til dess han fekk sette seg i skallen å prøve med blank dynamitt
Her kommer et bilde hvor jeg velger venstrestilt: Resultat; helt ok.
Han kjøpte patrona på bua med lunte av likaste sort,
og rusla so heim i den trua at no var det endeleg gjort.
So henta han katten i hagen og surra med skjelvande hand
patrona på plass onder magen med tridubbelt snøsokkeband.
Her skal jeg sette inn to bilder: Reultat, helt ok. Obs. satte inn 10 pixler avstand på høyre side av første bilde etterpå.
Han sprang i det samme han tende og skolv endå lunta var lang,
men rekna kje med kva som hende då katten fekk sjå kor han sprang.
For best som han redd rende frå han som kua i stivbeint galopp,
var katten i hælane på han og dansa med lystige hopp.
Her kommer et bilde hvor jeg velger venstrestilt etterpå: Da kom to vers opp til høyre for bildet, men etterlagring ble det to og et halvt vers på høyre side. Antakelig pga. bokstavstørrelsen blir mindre etter lagring.
Og kallen vart meir og meir fælen di meir han såg katten vart kåt,
og katten vart meir og meir kjælen, di løgnare kallen for åt.
Han sprang som ein ungdom på atten og skamtrakka vokstarlig gras,
so ingen kan undrast at katten fann ut det var mykje til stas
Og kallen låg flat etter reina, han held seg for bringa og bles,
med katten på sprang millom beina og lunta i rykande fres.
Og lunta vart kortar´ og kortar´, -han kjende det meir enn han såg,
og kallen sprang fortar´ og fortar´ med kurs for ei løe der låg.
Og det var han Simon i Støa, tilårskommen, hjulbeint og rund,
han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund.
For midt under hardaste taket smatt Simon fortumla i ly,
og nett i det samme kom braket, so moldspruten sto som ei sky.
Her prøver jeg med et midtstilt bilde valgt allerede på bildeinnsettelsen: Resultat; det ble venstrestilt. Det samme skjedde om venstrestilt ble valgt etter innsettelsen. Derimot virket Høyrestilt bilde.
Og døra og litt ut av veggen dreiv saman med dunder og brak,
og somt fauk i låra og leggen, men verst vart han skamfaren bak.
Og doktor vart bodsend og presten, og kallen vart plåstra og smurd
so pass han stod oppatt på resten, men katten vart aldri meir spurd
Herfra er det kopiert med "Paist from Word, strip font"
KALLEN OG KATTEN
Tekst av Jacob Sande, Melodi av Nystogs
Nå prøves flere varianter av midtstilt bilde: Resultat; ingen midtstillinger virket.
Han Simon i Støa og katten var mette av alder og år
og båe var redde for vatten, og båe var mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggest, kan hende, å fyrst sende katten i veg
Han prøvde med mange slags greier, frå oljen i pipa til kniv, men etter som røynde folk seier har katten fleirfoldige liv.
Han gjorde sitt yttarste, kallen, på det å bli katten sin kvitt, til dess han fekk sette seg i skallen å prøve med blank dynamitt